Bodils kjøtsuppe fra Vinje
2-3 stykkje salta, røykt lammerygg
1 salta griseknokji, røykt/urøykt
1-2 stk anna kjøt, gjónni ferskt stutekjøt
150 g byggryn
200 gule ertar
750 jordeple (potet)
1 pk gulrot
1 stk kålrot
ev. 1 purre
ev 1/2 kålhovud
Slik gjør du:
Legg kjøtet i bløyt, saman med gryn og ertar kvelden fyri. Skyl gjerne av bløytevatnet. Fyll upp med vatn som dekkjer kjøt og grønsaker, og set suppa til koking i ein stor kjeli. Lat den koke upp og småkoke i eit par-tri timar.
Skrell og reins jordeple, gulrot og kålrot. Legg uppi heile jordeple og kålrot i skivur. Etterpå kuttar du gulrøtar, kålrot og kålhovud i bitar og legg dei oppi kjlen, desse stykkja treng mindre koketid. Heilt til slutt kuttar du purra i fine skivur og heve på tòppen av suppekjelen.
Kjøtsuppa blir servera slik at ein fyrst ete ein suppetallerk med dei småkutta grønsakene, ertar og gryn, so bli det sett fram eit stort fat med heile kjøtstykker, heile grønsaker og heile jordeple. Ein forsyner seg frå fatet og ete ei skei frå suppa innimillom. Det var gjerne sø (kraft), som vert nytta som saus. Alt æ berre SÒ saftig. Himla praktisk, her heve du mate te mange!
GOD PÅSKE!